Klinikk
Nytt frå Norsk lungekreftgruppe (NLCG)
O.t. Brustugun
Norsk lungekreftgruppe samlar legespesialistar med interesse for lungekreft, og det tverrfaglege gjer seg også gjeldande i samansetjinga av styret for NLCG, med patolog, radiolog, torakskirurg, onkolog og lungelege representert. Ei av hovudoppgåvene til NLCG er utarbeiding og oppdatering av «Handlingsprogrammet for utredning og behandling av lungekreft, thymom og mesoteliom». Me har i år endra offisielt namn på handlingsprogrammet, sidan dette no også omhandlar thymom og mesoteliom i tillegg til lungekreft. I vår vart det gjort ein omfattande oppdateringsjobb, men det er stor aktivitet i lungekreftfeltet for tida, så me planlegg ei ny grundig oppdatering til våren att. Handlingsprogrammet er både å finne på NLCG si heimeside, nlcg.no, og på Helsedirektoratets sider.
Dei siste tala frå Kreftregisteret viser at insidensen av lungekreft fortsatt aukar, mest for kvinner, men i absolutte tal også for menn. Men det ser likevel gledeleg nok ut til at aldersjustert insidens-rate for menn er på veg nedover (sjå også Grimsrud et al, Tidsskr Nor Legeforen 2015; 135:1844 – 9). Overlevnadstala gir også grunn til optimisme, det ser ut til å vere ein stødig trend oppover for desse – me ser no at 2-årsoverlevnad i 2013 tilsvarte 1-årsoverlevnad 10 år tidlegare (Fig 1). For kvinner er 5-års overlevnad no over 20%, ca halvparten av alle kvinner lever no eitt år etter diagnosen. Det er sjølvsagt langt att til at ein kan vere fornøgd, men det går iallfall rette vegen. Kreftregister-tala blir no forbetra i form av eit nytt elektronisk meldesytem – det nasjonale lungekreftregisteret. Det er no også laga eiga kreftmelding for onkologisk behandling, både stråling og medikamentell. Den fyrste rapporten frå dette registert vart publisert no i haust. Det er eit mål å få mest mogleg komplette data inn her, så oppmodinga må vere at alle må hugse å leggje inn data!
I tillegg til røykesluttarbeid, vil tidleg-diagnostikk vere sentralt for å betre prognosen. Auka merksemd hjå både befolking og helsevesen er sentralt, men kanskje kan også screening for lungekreft bli aktuelt. Dette er allereie innført i USA, og NLCG har i samarbeid med tilsvarande grupper i dei andre skandinaviske landa sett i gang eit utgreiingsarbeid for å vurdere konsekvensar og utfordringar ved ei eventuell slik innføring.
Lungekreft-forsking er i vinden som aldri før – faktisk er det lungekreft som er diagnosen med flest medikament i utprøving – heile 123 ulike preparat ifylgje nettsida www.phrma.org – fleire enn både lymfom og brystkreft som tradisjonelt har hatt dei fleste studiane. Også i Norge pågår mykje lungekreftforsking, og på nlcg.no blir alle norske lungekreftpublikasjonar fortløpande lagt ut.
NLCG har igangsett fleire kliniske studiar, verdt å nemne er «IDA-studien» som samanliknar vedlikehaldsbehandling med pemetrexed versus behandlingsstart ved erkjent tilbakefall etter fyrstelinjes kjemoterapi ved avansert sjukdom. «Thora-studien» samanliknar 45 Gy med 60 Gy ved småcella lungekreft, avgrensa sjukdom, 2 fraksjonar kvar dag i begge armar. I tillegg til desse to studiane pågår ei rekkje andre kliniske studiar for lungekreft – noko ein kan få oversikt over ved å gå inn på «studieappen» icgi.no/studieapp (Figur 2).
Eit forskingsfelt som har bore frukter, er immunterapien. Mange norske lungekreftpasientar har vore med på studiar og «compassionate use-program» med desse medikamenta dei siste par åra, men som kjent har det vore mykje diskusjon etter at medikamenta har vorte kommersielt tilgjengeleg med ein foreløpig umogleg pris. Immunterapien er vist å gi betre effekt enn standardbehandling i andre inje både ved adenokarsinom og plateepitelkarsinom. I snitt blir median overlevnad auka med rundt 3 månader, mens kanskje rundt 20% kan ha meir langvarig effekt, truleg rundt 2 år. Det er grunn til å håpe at desse medikamenta kan takast i bruk også i det offentlege helsevesenet innan ikkje for lang tid, og NLCG har hatt kontakt med Beslutningsforum om desse spørsmåla. Nye studiar innan immunterapi er på veg.
Persontilpassa medisin er sentralt innan lungeonkologien. Molekylærpatologisk diagnostikk er avgjerande for at pasientar kan få tilbod om målretta behandling, som oftast er både meir effektiv og mindre toksisk enn standard cellegift. Det er no innført rutinemessig testing både av EGFR-mutasjonar og ALK-translokasjonar ved non-plateepitelkarsinom. I tillegg kan testing for både Ros1 og BRAF, og truleg også etter kvart MET-mutasjonar/amplifikasjonar vere aktuelt for visse pasientar, spesielt EGFR/ALK-negative aldrirøykjarar. EGFR-mutasjonspositiv sjukdom som progredierer på standard EGFR-hemmar bør vurderast med tanke på rebiopsi for å leite etter årsak til progresjonen, og mogleg behandling med tredjegenerasjons EGFR-hemmar. Tilsvarande vil også gjelde ved ALK-positiv sjukdom. Dette set krav til kapasitet både hjå lungelege, intervensjonsradiolog og patolog.
Også innan stråleterapi skjer det endringar – det har over dei siste åra vore ein stor auke i talet på pasientar som får behandling med stereotaktisk stråling for primær lungekreft. I helseregion Sør-Øst vil godt over 200 pasientar få dette i år, mens rundt rekna 300 pasientar blir operert. Dette betyr at mengda pasientar som får kurativt retta behandling no er rundt 1/3. Tilsvarande tal er det truleg i resten av landet. Tromsø starta opp med lungestereotaksi sommaren 2014, og Kristiansand får etter planen dette tilbodet i løpet av 2016. I tillegg er det fleire senter som gir stereotaksi mot hjernemetastasar. Gammakniven på Haukeland er kjent, ved Radiumhospitalet har Linac-basert hjernestereotaksi vore gitt i mange år, og no får også andre sjukehus denne modaliteten. Dette er i tråd med anbefalingar i lungekreft-handlingsprogrammet, og vil kome mange pasientar til nytte.
Sjølv om det på mange måtar går framover med lungekreft-onkologien, må det ikkje underslåast at palliasjon er ei hovudoppgåve overfor denne pasientgruppa. Pallierande stråleterapi, og annan lindrande behandling står sentralt, og det er derfor flott at NLCG kan ha godt samarbeid med palliative miljø, eksemplifisert med fellessamling under Onkologisk forum.
Det skjer altså mykje på lungekreftfronten, og sjølv dei som ikkje har denne sjukdomen som hovudarbeidsoppgåve kan ha utbytte av å delta på våre nasjonale tverrfaglege møte – neste blir til våren, truleg fredag 27. mai, ved Radiumhospitalet.
Følg med på nlcg.no!